Menu
default banner

Julebord i Sogndalsdalen

Timblalodgen i Hodlekve · 2026

Julebord
i Sogndalsdalen

Samle heile gjengen rundt langbordet – med peiskos, god julemat og overnatting i lodgen. Ein kjekk kveld med gode kollegaer.

Inntil 35 til bordsHeile lodgen for dykk sjølve rundt langbordet
Julebuffet frå ElleviltLevert klar til å varmast og serverast
Overnatt i Hodlekve17 i lodgen · 3 i annekset (totalt 20). Fleire? Vi tilbyr òg Mlodge.

Dette er med

Prisar

6 990 krLeige av heile lodgen + sengetøy
595 krJulebuffet per person
75 krDessert per person
1 200 krAnneks (valfritt tillegg)
500 krLevering av mat

Alle prisar er inkl. mva. Sjå menyane og allergenane i julebordmenyen (PDF).

Sjå ledige datoar og bestill

Vel dato, tal gjester og menyar under – eller reserver berre datoen no og ettersend detaljar seinast 10 dagar før.

Dekt julebord ved langbordet i Timblalodgen i Hodlekve
Juletre og peis i stova i Timblalodgen
Bordet dekt til julebord med raude lys i Timblalodgen

Spørsmål? Send e-post til booking@timblalodgen.no eller ring 950 07 133.

Ofte stilte spørsmål

Kor mange er det plass til?

Inntil 35 gjester til bords. 17 kan overnatte i lodgen og 3 i annekset, til saman 20. Er de fleire, kan de i tillegg leige Mlodge.

Kan vi velje ulike menyar?

Nei, de vel éin felles hovudmeny for heile gruppa (ribbe, pinnekjøt eller kombinasjon). Dessert er valfritt og kan miksast.

Kan vi berre sikre oss datoen først?

Ja! I skjemaet kan du krysse av for å berre reservere datoen no. Meny- og gjestedetaljar kan du ettersende inntil 10 dagar før opphaldet.

Kva gjeld ved avbestilling?

Meir enn 30 dagar før opphaldet: gratis avbestilling. 30–14 dagar før: 50 % av beløpet blir belasta. Under 14 dagar før: heile beløpet blir belasta.

Kva med allergiar?

Skriv det i kommentarfeltet ved bestilling, så tilpassar vi saman med Ellevilt.

Må vi overnatte?

Nei, men mange synest det gjer kvelden meir avslappande. Sengetøy blir rekna automatisk per person som overnattar.

Kvar ligg lodgen?

I Hodlekve i Sogndalsdalen, om lag 15 minutt med bil frå Sogndal sentrum.

Language »