fbpx
Menu

Arrangement

Timblalodgen er godt eigna for privat- og bedrift-arrangement. Vi leiger ut for dag/kveldsarrangement eller for events som går over fleire dagar.

Andre etasje i Timblalodgen inneheld eit stort møtebord med plass til 24 personar, 55” flatskjerm, tilkoblingsmuligheter, Sonos lydsystem, WiFi, buffet- serveringsøy, kjøkken med alle fasilitetar.

I Timblalodgen er det også tilrettelagt for inndeling i grupper, 5 gruppesoner, med fordeling ved møtebord, ein salong i andre etasje med 65” flatskjerm, ein salong i første etasje med 65” flatskjerm, samt møtebord for opptil 10 personar i første etasje, og anneks med salong og mindre spisebord. Sonos lydsystem og store skjermar i alle einingane.

Overnattingskapasitet på inntil 26 personar fordelt på 270 kvm, 5 soverom, hems og anneks.

Vi kan bistå med å gjere ditt arrangement vellykka, med vår cateringavtale, inspirasjonsforedrag eller teambuilding. Gi samlinga ein ekstra dimensjon med våre tenester.

Kaffe, te og juice er inkludert ved dags/kveldsarrangement.

Ta kontakt med oss for pristilbod og eit tilrettelagt opplegg.

 

 


Julebord/julelunsj

Informasjon om årets julebordsesong finn du her

Klikk her: Julemeny 2019

Klikk her: Julebord/julelunsj info

Catering frå vår samarbeidspartnar Ellevilt

Klikk her: Tapas, koldtbordmeny


Klikk her: 3 retters meny

 

Inspirasjonsforedrag frå vår samarbeidspartnar Spire

– Kommunikasjon – så enkelt men så vanskeleg
– Leiing – kva gir best effektivitet
– Korleis bygge gode team
– Relasjonar, det viktigaste verktøyet
– Korleis bygge gode og langvarige relasjonar
– Stress less
– Flyt i jobb og kvardag

Dette kan kombinerast med ulike øvingar og leik, der gruppa kan utvikle gode relasjonar og jobbe godt som team.

Ta kontakt med oss for forespørsel og planlegging.

 

 

 

 

 

winterview

Kontakt:

booking@timblalodgen.no

+47 95 00 71 33

Language »